Gundads kyllingleverpostei

By  | 17/12/2011 | 0 Comments | Filed under: gleder, juleforberedelser, mat

 

er veldig god. Skal lage den til jul i år og, og kopierer oppskriften her:

 

Kyllingleverpostei/rillette

400 g (ein pakke) kyllinglever

100 g finhakka bacon

1 mellomstor, finhakka løk

3 soltørka tomatar

3 ss mjukt smør

1 ts timian eller provencekrydder

1,5 dl fløte

Ei klype kajennepeppar

Salt og peppar

Ein pose aspikpulver

Vatn

Lag aspiken slik det står på posen, og set den til kjøling. Legg dei soltørka tomatane i kokande vatn. Tin kyllinglevra. Fres løken og baconen med litt av smøret i ei stor steikepanne. Ha i urtekrydderet. Legg i kyllinglevra, og la den steike i 5-10 minutt, til den er gjennomsteikt. Det er veldig viktig, skjer kvar leverbit i to, og steik den litt til viss den ikkje er ferdig.

Hakk dei soltørka tomatane fint, og ha dei i panna. Hell over fløten, og la det heile surre nokre minutt til. Avkjøl det heile litt. Mos alt i matmølle med det mjuke smøret, og smak til med salt, peppar og kajenne.

Ha leverposteien i pene skåler, og hell over aspik som du har smelta i kokande vatn etter oppskrifta på pakken. Legg knust, rosa peppar, persilleblad, laurbærblad og kva du elles vil pynte med i aspiken. Når det første laget med aspik har stivna, slår du på litt meir, slik at pynten og vert dekka.

Server på godt brød med sure agurkar, raudbeter og gjerne litt meir aspik som du hakkar eller skjer i skiver. Posteien held seg i 5-6 dagar i kjøleskapet. Dekk den til med plast.

(Visited 76 times, 1 visits today)

Legg inn en kommentar

Arkivet

Velg kategori